Voss Fellesbryggeri og Voss Bryggeri

Dei to bryggeria på Voss, Voss Fellesbryggeri og Voss Bryggeri, har slått seg saman for å satse breiare på det beste innan ølkultur.

NO HAR ME OPNA FYRSTE LUKA

Me vonar innhaldet fell i smak, og gjev ein triveleg start på helga!

Me opnar dørene og tilbyr ølsmaking på bryggeriet.

Det er gründer og dagleg leiar sjølv som tek i mot dekan.

Her vil de får høyra om korleis me lagar øl, sider og sterkare saker. Vidare får de høyra ein del om ølets historie, spesielt i Norge. Me har fokus på urgjæren kveik og dette er verkeleg spennande saker.

 

Undervegs får de smaksprøvar på både øl og sider og det vert heilt sikkert nokre røvarhistoriar.

 

Praktisk info:
•Smakinga varar i ca. 1,5 timer.
•Det er inkludert 4 smaksprøvar
Pris: 4500 kr opp til 10 personar, deretter 450 per person.

 

Maks 25 deltakarar på Bryggeriet.

Er de ei gruppe på meir enn 25 personar kjem ølbryggar til deg, enten på eit av hotella eller til andre selskapslokale på Voss.

Bryggeriet tilbyr også matservering frå lokal kokk, Anders Handal Nilsen, som kan nytast i forbindelse med smakinga.


De kan velge mellom to menyar:
•Øl-gryte med lokalt storfekjøt m/ småpoteter, bacon, løk.
•Ost og spekemat med tilbehør m/ smør, surdeigsbrød.

 

Pris på mat ved førespurnad

Matservering krev ei gruppa på minimum 10 personar.

 

Bryggeriet har også utsal innanfor vanlege salstider, så her er blir det høve til å kjøpa med seg favoritten heim!

 

Booking via e-post direkte til Voss Fellesbryggeri voss@fellesbryggeri.no.

Bryggeriet tek ikkje i mot utdrikkingslag på ølsmaking.

Tinging og Vipps for jolakalender

  For å tinga jolakalender for utlevering i Bergen må du tinga frå varelista i Vipps på Vippsnummer 781917 eller scan QR koden med mobilen.
 Utlevering Sandbrekketoppen 30, Midtun torsdag 30.november kl 16-19. Du kan tinga jolakalender for utlevering i Bergen ved å Vippse til Vippsnummer 781917 eller scan QR koden med mobilen.

  For å tinga jolakalender for utlevering i Oslo må du tinga frå varelista i Vipps på Vippsnummer 782712 eller scan QR koden med mobilen.
 Utlevering Odd Nansensvei 17 C, Fornebu torsdag 30.november kl 17-20. Du kan tinga jolakalender for utlevering i Oslo ved å Vippse til Vippsnummer 782712 eller scan QR koden med mobilen.

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.

https://helsenorge.no/rus-og-avhengighet/alkohol/alkoholens-virkning-pa-kroppen