develop free website

Våre mest populære øltypar 

OREGONIAN

Amerikansk vestkystøl frå Voss

Då Voss Bryggeri tilsette sin første sjefsbryggar, fall valet på Ian Greene frå Oregon.
Resultatet av møtet mellom den amerikanske vestkysten og det norske Vestlandet blei Oregonian – eit lettdrikkeleg, friskt og fruktig amerikansk øl.

Oregonian blei med ein gong ein favoritt hos dei besøkande i den gamle butikken der bryggeriet held hus, og dei siste åra har ølet vunne ei rekke prisar og sett Voss Bryggeri på kartet, langt bortanfor Vossafjella.

Ingrediensar: Vatn, byggmalt, humle og gjær. Alkohol: 6%

Sjå Oregonian på Untappd

SKIFERØL

Humleøl med einer frå den gamle butikken på Kyte

Voss Bryggeri ligg i lokala til den gamle butikken rett nedanfor skiferbrotet på Kyte. Heilt sidan 1700-talet har det blitt kløyvd heller i brotet, og butikken blei bygd for å gje dei mange arbeidarane som jobba og budde i brotet, det mest nødvendige.

Då Voss Bryggeri flytta inn i den gamle butikken, ville dei ta vare på handverkstradisjonane, og derfor er det aller første brygget på boks frå Voss Bryggeri eit lettdrikkeleg og leskande øl med lokal einer, til ære for dei lokale arbeidarane i skiferbrotet.

Ingrediensar: Vatn, einer, byggmalt, humle, gjær.  Alkohol 4,7%

Sjå Skiferøl på Untappd

VOSSAØL

Øl frå Voss laga i heimebrygg-tradisjon

Så lenge folk kan hugsa, har det vore brygga i eldhusa på Voss, og det var kniving mellom dei ulike gardane i å kunna servera det beste heimebrygget til fest. Voss Bryggeri baserte seg på desse lokale bryggetradisjonane då dei produserte sitt første vossaøl.

Ølet er smakt til med lokal einerlog og kveik, som gjer det til eit fruktig og aromatisk øl med røter i dalsidene rundt bryggeriet. Vossaøl er tappa med lite kolsyre, slik tradisjonen krev.

Ingrediensar: Vatn, einer, byggmalt, humle, kveik (gjær). Alkohol 7,5%

Sjå Vossaøl på Untappd

JOLABRYGG

Tradisjonsøl frå Voss kokt i koparkjele

På Voss har det vore heimebrygging så lenge folk kan hugsa, og før jul var det tradisjon på gardane å laga eige juleøl. Jolabrygget til Voss Bryggeri er kokt i koparkjele og basert på dei gamle oppskriftene med lokal kveik og einerlog, men er tilsett kolsyre for ein moderne vri på tradisjonsølet. Jolabrygget er laga for å passa til pinnekjøtt, saltkjøtt og annan spekemat. God jol!

Ingrediensar: Vatn, einer, byggmalt, humle, gjær. Alkohol 6,5%

Sjå Jolabrygg på Untappd

ELDHUS PORTER

Mørkt øl med røykt humleblome frå Voss

Eldhusa på Voss har ikkje berre vore brukt til røyking av kjøtt, dei har òg vore viktige for brygging av heimebrygg. Både brygg- og mattradisjonane blir halde i hevd den dag i dag, og om hausten ryk det endå frå pipene i eldhusa rundt Voss Bryggeri. Humleblomen i Eldhus Porter er røykt i desse lokale eldhusa, og ølet har derfor ein røykt aroma som framhevar den søte, maltrike smaken.

Ingrediensar: Vatn, byggmalt, røykt humleblome, gjær. Alkohol 6%

Sjå Eldhus Porter på Untappd

VPA

IPA frå Vossafjella

Då Voss Bryggeri brygga sin første IPA, bygde dei vidare på arven frå det unike heimebryggmiljøet i området. I god vossatradisjon er ølet tilsett ei betydeleg mengde einerlog, men i motsetning til dei lokale heimebrygga har Vossa Pale Ale både kolsyre og sitruspreg.

VPA vann prisen for “årets ølinnovasjon” i 2013, og juryen framheva at ølet var solid, innovativt og basert på godt handverk.

Ingrediensar: Vatn, einer, byggmalt, havre, humle og gjær. Alkohol 6,5%

Sjå VPA på Untappd

Mauritz Hage

Lyst fruktøl med bringebær fra Lærdal

Då Jeanette som driv Voss Bryggeri vaks opp, var farfar sin hage påNøtterøy eit paradis der dei klatra i tre, plukka bær og gøymde seg i buskar og kratt fra mai til september. Det er difor naturleg at eit av dei mest sommarlege brygga dei lagar er ein hyllest til farfaren. Bringebær fråLærdal gjer Mauritz Hage til eit friskt og leskande øl med fruktig aroma og smak. Ein kan samanlikna det med himmelen over Voss eller Nøtterøy ei vakker sommarnatt – lyst, lett og rosa.

Ingrediensar: vatn, bringebær fra Lærdal, byggmalt, kveitemalt, humle og gjær. Alkohol 4,7%

Sjå Mauritz Hage på Untappd


Quadruple Bypass

A Trou Du Diable X Voss Bryggeri collaboration

A result of a sincere friendship, this beer not only brings two breweries together, but also many cultures. Inspired by quadruple abbey beers, and then boiled in a copper cauldron over an open fire, under the benevolent gaze of the Lønahorgi mountain. Bypass is infused with juniper branches and mountain rowan berries picked on the same day, and then enhanced with a large quantity of maple syrup aged in bourbon barrels. As a result, this colourful, solid and robust beer is a true Bifrost with half the soul of the city of Voss, and half the soul of Shawinigan.

Ingredients : water, malted barley, sugar, maple syrup, rowan berries, juniper, hop, yeast. Alcohol: 11,9% Vol.

See Quadruple Bypass on Untappd

Kveika Rugøl

Rugøl med kveik frå Dyrvedalen på Voss

Fyldige varme vinøse toner, krydderpreg, karamell, appelsin og tørka frukt.
Rug og kveik fungera veldig bra saman og gir eit kompleks smaksbilde.
Brygga med rug, Special B og røykt malt, fermentert med huskveiken frå Voss (Rivenes) på 40 grader. Humla med Centennial og Cascade-humle tilsatt demerara-sukker for å forsterka smakane.

Ingrediensar: Vatn, rug, bygg, røykmalt, humle og gjær.
Alkohol 7%

Øl på fat:

Oregonian

6 %

Oregonian er ein Amerikansk Pale Ale med mykje sødme, lav på bitterhet, frisk og lettdrikkeleg. Heftig tørrhumla med Citra humle frå Oregon, noko som gjer ein kraftig aroma av tropisk frukt og sitrus.

Ingrediensar: Vatn, malt, humle, gjær.

Natabjødn

5,5 %

Brown ale med nøttepreg.
Eit perfekt matøl, spesielt til kjøtrettar.
Bruk den også i sauser og gryter.

Ingrediensar: Vatn, byggmalt,
Mt Hood humle og gjær.

Eldhus Porter

6 %

Eldhusa på Voss har ikkje berre vore brukt til røyking av kjøt, dei har òg vore viktige for brygging av heimebrygg. Humleblomen i Eldhus Porter er røykt i lokale eldhus, og ølet har derfor ein røykt aroma som framhevar den søte, maltrike smaken.

Ingrediensar: Vatn, byggmalt, røykt humleblome og gjær.

Kveika Rugøl

7 %

Fyldige varme vinøse toner, krydderpreg, karamell, appelsin og tørka frukt. Brygga med rug, Special B og røykt malt, fermentert med huskveiken frå Voss (Rivenes).

Ingrediensar: Vatn, rug, bygg, røykmalt, humle og gjær.

Haust

4,7 %

Engelsk Pale Ale med eit hint av stjørdalsmalt og rikeleg med Admiralhumle frå England. Fyldig og lett røkt haustøl. Perfekt matøl.

Ingrediensar: Vatn, stjørdalsmalt, byggmalt, havre, admiral humle og gjær.

Tropisk IPA Tre Brør

6,4 %

Fruktig IPA med innslag av mango og pasjonsfrukt.


Ingrediensar: Vatn, malt, humle og gjær.

Kveikmix #1

5,8 %

Lyst, fyldig og fruktig øl med kveik frå Voss, Stordal, Hornindal, Sykkylven og Stranda.

Ingrediensar: Vatn, byggmalt, hvetemalt, humle og gjær.

Mauritz Hage

4,7 %

Bringebær fråLærdal gjer Mauritz Hage til eit friskt og leskande øl med fruktig aroma og smak. Ein kan samanlikna det med himmelen over Voss eller Nøtterøy ei vakker sommarnatt – lyst, lett og rosa.

Ingrediensar: vatn, bringebær fra Lærdal, byggmalt, kveitemalt, humle og gjær. 

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.

https://helsenorge.no/rus-og-avhengighet/alkohol/alkoholens-virkning-pa-kroppen